Om foreininga
Foreininga for ansvarleg besøksforvalting i Luster (FAB) er ei partipolitisk uavhengig foreining med lokal forankring i Skjolden. Foreininga vart stifta 9. juni 2026.
Foreininga arbeider for ei ansvarleg, balansert og langsiktig utvikling av reiselivet på Skjolden og i Luster. Målet er at reiselivsaktivitetar, besøkstal og transportomfang skal vere tilpassa lokalsamfunnet, naturgrunnlaget, infrastrukturen og dei verdiane som gjer området attraktivt.
Foreininga er ein del av ein verdsomspennande motstand mot masseturisme og utholing av destinasjonar.
Foreininga skal arbeide for
- at reiselivsutviklinga skjer innanfor det lokalsamfunnet, naturen, infrastrukturen og beredskapen samla sett kan tole
- at større besøksstraumar, organiserte grupper og periodar med høgt besøkstrykk blir vurderte opp mot lokal kapasitet, trafikkavvikling, tryggleik, naturpåverknad og kvardagslivet til innbyggjarane
- at det blir etablert betre system for planlegging, oversikt og koordinering av besøkstrykk gjennom året, slik at talet på gjester, tidspunkt for besøk, transportbehov og bruk av lokale ressursar kan handterast på ein forsvarleg måte
- at lokale, regionale og nasjonale avgjerder om reiseliv byggjer på kunnskap, lokal medverknad og ei realistisk vurdering av samla belastning og tolegrenser
- å bidra konstruktivt i dialog med Luster kommune, reiselivsaktørar, transportørar, grunneigarar, innbyggjarar og andre relevante partar om praktiske løysingar, kapasitetsvurderingar og tiltak som styrkjer ei berekraftig besøksforvaltning
Foreininga er ikkje imot reiseliv eller besøkande, men arbeider for at utviklinga skjer på ein måte som tek omsyn til lokalsamfunnet, naturen, verneområda, kulturverdiane, tryggleiken og framtidige generasjonar.
Foreininga ønskjer å medverke til at Skjolden og Luster framleis kan vere attraktive reisemål, samstundes som bygda, fjorden, landskapet og kvardagslivet til innbyggjarane blir tekne vare på.
Medlemmene våre
FAB har 232 medlemmer. Etter vedtektene kan berre personar med tilknyting til Luster bli medlemmer.
Alder: over halvparten (51 %) er under 45 år
- Under 30 år: 40 medlemmer (17 %)
- 30–44 år: 78 medlemmer (34 %), den største gruppa
Bustad: 60 % bur i Luster kommune
- Bur i Luster: 140 medlemmer (60 %)
Dei andre har vakse opp her, har arbeid eller næring her, eller har fritidseigedom i kommunen.
Kjelde: FAB sitt innspel til Luster kommunestyre, 9. november 2026.
Styret
- Asbjørn Kroken
- Vegard Fodnes
- Torill Bye Wilhelmsen