Hopp til innhaldet
FABForeininga for ansvarleg besøksforvalting i Luster

Bli medlem

Medlemskapet er gratis og gyldig frå du har sendt inn skjemaet. Kontingenten er fastsett til kr 0.

Foreininga er open for alle einskildpersonar som støttar føremålet, og som har tilknyting til Luster kommune gjennom noverande eller tidlegare bustad, oppvekst, fritidseigedom, arbeid eller næringsverksemd i kommunen.

Tilknyting til Luster (kryss av det som gjeld)
Les § 1 Føremål

Foreininga for ansvarleg besøksforvalting i Luster (FAB) er ein partipolitisk uavhengig foreining med lokal forankring i Skjolden.

Foreininga arbeider for at cruiseturismen på Skjolden og Luster forøvrig skal være innanfor lokalsamfunnets og naturens tolegrense. Konkret arbeider foreininga for:

  • å begrense tal cruiseanløp og samtidig tal passasjerar på land til eit nivå som er forsvarleg for lokalbefolkning, natur, beredskap, infrastruktur, landbasert turisme og annet som vert påverka av den fjordbaserte masseturismen
  • å påverke kommunale, regionale og nasjonale avgjerdsprosessar gjennom høyringsinnspel, dialog og kunnskapsbasert argumentasjon
  • å samarbeide med cruisekaia, cruiseservice-bedrifter, Luster kommune og andre relevante aktørar om konkrete kapasitetsgrenser og reguleringstiltak

Foreininga støttar reiselivsaktivitetar innanfor tolegrensene til samfunnet og naturen, og arbeidar for at Lusters natur-, verne- og kulturverdiar forvaltast til det beste for framtidige generasjonar.

Personvern: Opplysningane dine vert berre brukte til å administrere medlemskapet (medlemsregister og innkalling til årsmøte). Berre styret har tilgang til opplysningane, og dei vert sletta dersom du melder deg ut. Medlemslister for foreininga vert ikkje publiserte offentleg. Skjemaet vert sendt via Google Forms.

Styret i foreininga er Asbjørn Kroken, Vegard Fodnes og Torill Bye Wilhelmsen. Dei kan kontaktast på luster.fab@gmail.com om du har spørsmål. Les heile vedtektene (PDF).